Annonse

Tre UiO-forskarar får millionar frå ERC

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Professor Andreas Føllesdal ved Norsk senter for menneskerettar får 21 millionar kroner i støtte frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) for å leia eit prosjekt som ser på legitimiteten til menneskerettsdomstolar. Medisinprofessor Ludvig Sollid og kjemiprofessor Trygve Helgaker er dei to andre som har fått millionløyvingar til banebrytande grunnforsking merka ”Advanced Grant” frå ERC, melder Uniforum.

Det var i går det blei kjent at filosofiprofessor Andreas Føllesdal (bildet) får 21 millionar kroner for å leia forskingsprosjektet ”The Legitimacy of Multi-level Human Rights Judiciary”.

– Prosjektet skal undersøkja legitimiteten til menneskerettsdomstolar og liknande organ på fleire nivå, – særleg nasjonalt, europeisk og internasjonalt, seier Føllesdal i ein presentasjon på nettsidene til Norsk senter for menneskerettar.

Les hele saken på uniforum.uio.no

Powered by Labrador CMS