Annonse

Tap av oppdrettsfisk kartlagt

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Omfang og årsaker til tap av laks og regnbogeaure i matfiskanlegg er no kartlagt i eit landsomfattande prosjekt hjå Mattilsynet, melder Mattilsynet

Funna er publisert i ein rapport og syner store skilnader mellom oppdrettsanlegg og mellom delar av landet. Prosjektrapporten påpeikar mogelegheiter for stor framgang for anlegg med høge tap.

Prosjektet vart finansiert av FHF (Fiskeri-og havbruksnæringens forskningsfond) og omfatta laks og regnbogeaure satt ut hausten 2010 og vår og haust 2011. Sjølv om det var frivillig å ta del vart nær 80 % av alle dei aktuelle anlegga representert. Resultata syner eit registrert svinn på 16.3 % for laks og 18,3% for regnbogeaure om ein ser alle dei nemnde generasjonane under eit. Det var markerte skilnader i årsaker til tap mellom fiskegrupper, lokalitetar og ulike geografisk plassering. Det vart registrert lågast svinn i Nordland og høgast i Finnmark

Powered by Labrador CMS