Annonse

Studentar skal redda journalistikken

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

På Infomedia skapar studentane nye teknologiske løysingar som inspirerer og hjelper mediaaktørar på Vestlandet, skriv Universitetet i Bergen.

Kurset ”Journalistisk mobilapplikasjon” nærmar seg slutten for dei 11 studentane som det siste halvåret har arbeidd med to appar til smarttelefonar.

På eit seminarrom med tilhøyrarar frå Institutt for informasjons- og medievitskap og inviterte gjester vert utkasta til appane vist fram. Eit bymedium geleider både turistar og lokalkjende gjennom byen, der lokasjonsbasert informasjon på øyret gir brukaren dokumentarisk kunnskap om byen.

Ein bybaneapp i utvikling kan gi reisande nyhende og aktuelle hendingar tilpassa bybaneturen, avhengig av lengden på reisa, humør og tid på dagen. 

Powered by Labrador CMS