Annonse

Studentar får mentorar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ferske realfagsstudentar ved UiO får no ein forskar som mentor. Alle faddergruppene skal halda fram med ein felles mentor. Fysikkprofessor Morten Hjort-Jensen og prosjektleiar Ilan Delhi Villanger trur dette kan vera med på å redusera det store fråfallet av førsteårsstudentar, melder Uniforum.

Dei fleste bachelorprogramma ved Universitetet i Oslo mister mellom 30 og 50 prosent av alle studentane i løpet av dei tre åra studiet varer. Mange av desse studentane fell frå i løpet av det første studieåret.

På Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ynskjer dei no å hindra denne utviklinga ved å lata faddergruppene halda fram som mentorgrupper på bachelorprogrammet i fysikk, astronomi og meteorologi (FAM).

Dette er eit prøveprosjekt ved fakultetet og det første i sitt slag i Noreg. Dersom dette blir vellykka, er planen å vidareføra tiltaket til andre studieprogram.

Les hele saken på uniforum.uio.no

(Foto: Ola Sæther/Uniforum)

Powered by Labrador CMS