Annonse

Studentane vil jobbe i Forskingsrådet

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskingsrådet er med på topplista over arbeidsplassar der humaniorastudentar ønskjer å jobbe i framtida. Det skriv Forskningsrådet.

– Her ser vi at framtidige arbeidstakarar vil vere med å forme vårt framtidige kunnskapssfunn, seier administrerande direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet.

E24 presenterer lister med dei tretti mest attraktive arbeidsgivarane frå ulike fagområde: Business, ingeniør, IT og humaniora. Forskingsrådet hamnar på 22. plass på humanistane si liste. Det er ti plassar opp frå kåringa i fjor.

Han synest toppliste-plasseringa frå humaniorastudentane er eit viktig og gledeleg signal. Det stadfestar ein trend han har sett dei seinare åra, med høgt utdanna og svært kompetente søkjarar til stillingane i Forskingsrådet.

Powered by Labrador CMS