Annonse

Strid om utveljinga av SFF-kandidatar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet vil hindra forskarar og fagmiljø i å søkja Forskingsrådet om å få status som senter for framifrå forsking, meiner biologiprofessor Kristian Gundersen. – Det er vår plikt å gå gjennom søknadsskissene og få fram dei som har best sjanse til å nå fram i konkurransen, svarar dekan Knut Fægri.

I løpet av 2012 blir dei første sentra for framifrå forsking (SFF) avskilta for godt etter ti år som toppforskingssenter. Forskingsrådet har bede fagmiljøa delta i konkurransen om å bli plukka ut til å bli eitt av dei ti nye sentra for framifrå forsking. Søknadsfristen er 8. juni, og i september 2012 blir det kunngjort kva fagmiljø som vil få den ettertrakta statusen som senter for framifrå forsking. Dei som vinn fram, kan starta opp i 2013. Då vil dei få nærare ti millionar kroner året i støtte frå Forskingsrådet, i første omgang i fem år, men med høve til å halda fram i fem år til.

 

Powered by Labrador CMS