Annonse

Støtte til aldringsforsking

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Få har forska på aldring, familiebånd og velferdspolitikk i Noreg. Eit nytt prosjekt ved UiB skal pløya ny mark.

geing, family ties and public policy skal studera familieøkonomi med eit noko anna perspektiv enn dei fleste norske forskingsprosjekt på feltet. Det er forska mykje på tidsklemmer og kva det tyder for ein familie å få barn. Prosjektet ved Institutt for økonomi ser derimot på den andre enden av skalaen, fortel prosjektleiar Kjell Erik Lommerud, som skal leia prosjektet.

– Vi skifter fokuset. Me skal sjå nærare på aldrande foreldre og middelaldrande barn, og korleis helsereformar kan påverka arbeidssituasjonen, til dømes om middelaldrande kvinner får høgare sjukefråver om dei tek seg av sjuke foreldre, eller om dei fell ut av arbeidslivet.

Prosjektet er eitt av fleire forskingsprosjekt ved UiB som har fått fri prosjektstøtte (FRIPRO) frå Forskingsrådet (sjå faktaboks). FRIPRO skal fremja forsking av høg vitskapleg kvalitet og verka positivt på rekruttering, karriereutvikling, internasjonalt samarbeid og kjønnsutjamning.

Powered by Labrador CMS