Annonse

Stortingsros til kvinnesatsing

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Stortingspolitikarar rosar Forskingsrådet si kvinnesatsing, men vil ikkje garantere løyvingar til prosjektet.

– Det er svært positivt, seier Gunn Karin Gjul (bildet), leiar i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget og representant for Arbeidarpartiet.

Den ambisiøse kvinnesatsinga har ei lang forhistorie. I 2003 vart eit prosjekt med øyremerking av vitskaplege stillingar til kvinner stoppa av Efta-domstolen. Dette er Forskingsrådet si mest ambisiøse kvinnesatsing sidan då. Prosjektet vart vedteke i Forskingsrådet sitt hovudstyre i november i fjor, men for å kunne gjennomføre prosjektet som planlagt er Forskingsrådet avhengig av støtte frå Kunnskapsdepartementet.

– Breidda er det som er bra. Forskingsrådet legg opp til å gå inn med fleire tiltak samstundes. Det er bra at ein både satsar på å få kvinner opp, og på fagområde som det tidlegare har vore vanskeleg å rekruttere kvinner til. Det er openbart at det er eit slags glastak innanfor forskingsverda som kvinnene stangar hovudet i, om det no er at dei ikkje blir anerkjent for dei kvalifikasjonane dei har, eller at dei ikkje søkjer seg vidare sjølv, seier Gjul, som understrekar at ho ikkje kan garantere ekstra løyvingar til prosjektet.

– Eg kan ikkje love pengar. Som leiar for Familie- og kulturkomiteen arbeider eg opp mot eit anna fagdepartement enn Kunnskapsdepartementet. Men eg synest det er eit viktig initiativ og eg håpar at det blir følgt opp, og at Forskingsrådet brukar dei pengane dei har sett av til det, seier ho.

Powered by Labrador CMS