Annonse

Storløyving til mikrofinansforsking

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit forskingsprosjekt om mikrofinans under leiing av NHH-professorane Bertil Tungodden og Kjetil Bjorvatn er tildelt 9,7 millionar kroner i støtte frå Norges forskningsråd. Pengane skal m.a. nyttast til å vidareføra forsking knytt til økonomiopplæring av mikrofinansklientar i Tanzania, melder Paraplyen.

I 2007 etablerte Kjetil Bjorvatn og Bertil Tungodden ved NHH sitt institutt for samfunnsøkonomi eit forskingsprosjekt for å undersøkja effekten av grunnleggjande økonomiopplæring for mikrofinansklientar knytt til organisasjonen PRIDE i Tanzania.

- I åra sidan er det utført omfattande forskingsarbeid. Vi er i ferd med å avslutta rapporteringa frå første del av prosjektet no, og ein artikkel om hovudfunna er på veg til eit internasjonalt tidsskrift, fortel Kjetil Bjorvatn.

Les mer på http://paraplyen.nhh.no

BILDE: Professorane Bertil Tungodden (t.v.) og Kjetil Bjorvatn. (Foto: NHH)

Powered by Labrador CMS