Annonse

Stø kurs for maritim utdanning

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei fire maritime utdanningane i Noreg vert no styrka med 13,6 millionar kroner.

Sist fredag var statsråd Tora Aasland i Kunnskapsdepartementet og statssekretær Rikke Lind frå Nærings- og handelsdepartementet på Høgskolen i Vestfold. Her møtte dei rektorane ved dei fire institusjonane som tilbyr høgare maritim profesjonsutdanning: Høgskolen i Vestfold, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Ålesund og Universitetet i Tromsø.

Over ein lengre periode har desse institusjonane jobba saman om prosjektet Maritim Kompetanse mot 2020 (MARKOM 2020).

Den nye tildelinga frå Regjeringa skal gå til felles prosjekt og aktivitetar, som skal gje betre utdanning og forsking. Samstundes ska maritim utdanning gjerast meir attraktiv og interessant.

 

Powered by Labrador CMS