Annonse

Stjerneformidlar blir realfagsambassadør

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Astronomen Knut Jørgen Røed Ødegaard gjer comeback som stjerneformidlar av alt som skjer i verdsrommet. No er han engasjert av Naturfagsentret for å auka interessa for realfag mellom barn og unge. Sparebankstiftelsen støttar tiltaket med ein million kroner.

Frå 22. desember 2010 og fram til 20. mars 2015 vil Noreg få oppleva ei rad med sjeldne, utruleg vakre og viktige himmelhendingar. Alt frå måneformørkinga i dag tidleg til ei total solformørking på Svalbard og i Arktis 20. mars 2015. Naturfagsenteret på Blindern vil utnytta dette for alt det er verdt.

– Det er grunnen til at me søkte Sparebankstiftelsen om økonomisk støtte til eit prosjekt som har som mål å bruka desse himmelhendingane til å auka interessa for realfag mellom barn og unge, seier Anders Isnes, som er dagleg leiar for Naturfagsenteret. Han er svært nøgd med at Sparebankstiftelsen vil støtta prosjektet med 1 million kroner i driftsstøtte, og at astronomen Knut Jørgen Røed Ødegaard har takka ja til å vera prosjektleiar.

Powered by Labrador CMS