Annonse

- Stipendiatar viktige for forskinga

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– UiS treng fleire stipendiatstillingar. Ikkje minst treng vi denne kompetansen for å erstatte vitskapleg tilsette når dei går av. Skal vi greie å erstatte lærarkreftene våre, er det særleg viktig med fleire doktorgrader innan profesjonsfaga, seier rektor Marit Boyesen ved Universitetet i Stavanger (UiS) til Forskerforum.

UiS har i dag har 70 stipendiatstillingar.

– Stipendiatstillingane er svært viktige for forskinga vår. Stipendiatane bidreg sterkt til å auke publiseringa ved UiS, sier Boyesen.

I dag er det forsking som gjeld, også ved høgskolane. Ikkje minst er det inflasjon i nye doktorgradprogram ved høgskolar som ønskjer å bli universitet. Men også dei andre høgskolane skal forske, og då treng dei stipendiatar.

Powered by Labrador CMS