Annonse

Statoil-pengar til fleire ved UiB?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Åtte millionar kroner kjem årleg til UiB via Akademia-avtalen til Statoil og UiB. Om dette er pengar som kan kome fleire enn Det matematisk-naturvitskapelege fakultet til gode er no til vurdering, meldar På Høyden.

Korleis Akademiaa-avtalen kan omfatte fleire forskingsmiljø var på agendaen då styringsgruppa inviterte til strategimøte torsdag forrige veke. Til hausten skal ny avtale mellom UiB og Statoil signerast, og arbeidet med å legge strategien for den nye avtalen er i gang.

– Vi ser at på nokre område kan det vere interessant med interfakultære samarbeid, seier Geir Anton Johansen til På Høyden.

Geir Anton Johansen er instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi og leiar styringsgruppa som forvaltar Akademia-avtalen.

Powered by Labrador CMS