Annonse

Startskot for regionale forskingsfond

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kunnskapsdepartementet har no fordelt til saman 212,4 millionar kroner til regionale forskingsfond i 2010, og lokalisering av fonda er avklart.

– Desse midlane markerer startskotet for mykje nyskapande forsking og innovasjon over heile Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland i ei pressemelding.

Formålet med dei regionale forskingsfonda er å styrkje regional forsking og innovasjon.

Fonda skal møte forskings- og utviklingsbehov (FoU) i fylka ved å støtte FoU-prosjekt initiert av offentlege og private verksemder og forskingsmiljø.

– Dei regionale fonda skal supplere dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkje samspelet mellom næringsliv, høgskular, universitet og regionane, seier statsråd Aasland.

– Dei første utlysingane kjem truleg før sommaren, og målet mitt er større variasjon i forskinga, fortset forskingsministeren.
 

Les pressemeldinga frå departementet.

Powered by Labrador CMS