Annonse

Startskot for klimasenter

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

«Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret» er namnet på det nye klimaforskingssenteret i Bergen. Direktør Anton Eliassen ved Meteorologisk institutt blir styreleiar, melder På Høyden.

Styret si samansetjing blir Einar Svendsen frå Havforskingsinstituttet, Ola M. Johannesen frå Nansensenteret, Arne Sivert Svindland frå Uni og Dag Rune Olsen frå UiB, i tillegg til styreleiar direktør Anton Eliassen.

– Det er avgjerande at vi no kjem i gang og får operasjonalisert arbeidet ved Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret. Statsråd Tora Aasland forventar no forsking som kan gje svar på viktige samfunnsspørsmål, seier Dag Rune Olsen, dekan ved Det matamatisk-naturvitskaplege fakultet.

Les hele saken på nyheter.uib.no

(Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Powered by Labrador CMS