Annonse

Starta menneskerettsutdanning i Vietnam

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I september starta Norsk senter for menneskerettar opp eit masterprogram i menneskerettar ved Det juridiske fakultetet på Vietnams nasjonale universitet, melder Uniforum. I november var statssekretær Erik Lahnstein i UD på dialogmøte i Hanoi, opplyser Vietnam-koordinator Marthe Hamran og prosjektleiar Siri Skåre.

– Menneskerettsutdanninga er ein av dei tre pilarane i samarbeidet vårt med Vietnam. Dei to andre er offentleglova og ytringsfridom og styrking av rettstryggleiken, fortel koordinator for Vietnam-programmet Marthe Hamran og prosjektleiar for internasjonale program, Siri Skåre ved Norsk senter for menneskerettar.

Senteret har kontakt med og samarbeider med både juristforeiningar og journalistforeiningar i Vietnam.

Les hele saken på uniforum.uio.no

Powered by Labrador CMS