Annonse

Språksamlingane har verdi for forsking

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Språksamlingane ved Universitetet i Oslo (UiO) er til nytte for forskarar både i språk- og litteraturvitskap, skriv Uniforum

Det var i fjor haust Institutt for lingvistiske og nordiske studium sette ned eit utval som skulle sjå nærare på språksamlingane og vurdera kva verdi dei har for forsking og undervisning. No er konklusjonen klar, og den er eintydig positiv til nytteverdien av språksamlingane.

Utvalet har vurdert kor relevante språksamlingane er for forsking og undervisning i dag, men utan å ta stilling til korleis den framtidige finansieringa bør bli og kvar dei skal lokaliserast.  Utvalet har gått gjennom og kartlagt alle språksamlingane ved Universitetet i Oslo. Det inkluderer Leksikografisk bokmålskorpus, Nynorskkorpuset, Ordbanken på nynorsk og bokmål, Målførearkivet, Stadnamnarkivet, Gammelnorsk ordboksverk, Norsk Ordbok, Metaordboka, Nynorskordboka og Bokmålsordboka med fleire.

Til saman har dei funne fram til 32 ulike språksamlingar.

Powered by Labrador CMS