Annonse

Språkprisen til Gyrid Gunnes og Edvard Hoem

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Gyrid Gunnes får i dag Språkprisen 2013 for framifrå bokmål, Edvard Hoem får Språkprisen 2013 for framifrå nynorsk. Juryen rosar vinnarane for presist, klart og stilsikkert språk. Vinnarane handlar òg i strid med konvensjonell språkleg praksis, skriv Språkrådet i en pressemelding.

Språkprisen er Språkrådets pris for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Språkprisen blir delt ut på konferansen Språkdagen 2013 i Oslo Konserthus.

Vinnarane får 50 000 kroner, eit trykk av Kjell Nupen og eit diplom kvar. Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet, deler ut prisen.

Powered by Labrador CMS