Annonse

Spesialistutdanninga i odontologi kan bli lagt ned

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetsrektorane Ole Petter Ottersen og Sigmund Grønmo trugar med å leggja ned spesialistutdanninga i odontologi. I eit felles brev til Helse- og omsorgsdepartementet varslar dei at det blir konsekvensen dersom dei økonomiske rammevilkåra ikkje blir betre, melder Uniforum.

Dei to universitetsrektorane i Oslo og Bergen meiner begge at ei eventuell nedlegging av spesialistutdanninga i fleire disiplinar vil gi ei generell kvalitetssenking og få store konsekvensar for norsk odontologi. Spesialistutdanningane er eit tilbod til kandidatar med bestått grunnutdanning i odontologi og minst to års røynsle frå allmennpraksis.

Alternativet dei peikar på, er at spesialistutdanningane i framtida i større grad enn no må ta opp betalande studentar frå utlandet. Resten av plassane skal øyremerkjast kandidatar som er tilsette i stillingar med dobbelkompetanse. Så lenge dei ikkje får dei økonomiske rammevilkåra som dei ber om, finn dei ingen andre moglege løysingar.

Powered by Labrador CMS