Annonse

Skular skal bli universitetsskular

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne veka lanserte Universitetet i Oslo Prosjekt universitetsskole UiO, melder Uniforum. Representantar for 47 ungdomsskular og vidaregåande skular i Oslo og Akershus møtte på lanseringa. I løpet av hausten planlegg UiO å peika ut 15–20 skular som universitetsskular. Stovner videregående skole har vore pilot for prosjektet.

Det er studentane på det fem år lange Lektorprogrammet ved UiO som først og fremst vil få gleda av å kunna gjera seg nytte av ein universitetsskule. Men også studentane ved årseininga i praktisk-pedagogisk utdanning kan få praksis der. Dei fem fakulteta HF, SV, TF, MN og UV samarbeider om Lektorprogrammet, som blir leidd og koordinert av Det utdanningsvitskaplege fakultetet.

 

Powered by Labrador CMS