Annonse
(Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Store midlar til internasjonalt utdanningssamarbeid

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) lyser ut midlar i seks ulike program som retter seg mot høgare utdanningssamarbeid med land utanfor EU, samt nordisk samarbeid med Russland. Den samla tildelinga er på over 200 millionar kroner.

Programma støttar utdanningssamarbeid som er fagleg forankra ved institusjonane. Ein kan få støtte til aktivitetar som internasjonal mobilitet av studentar og forskarar innanfor prosjektsamarbeid, utvikling av felles kurs og program, samt seminar, workshops og liknande.

Alle programma støttar aktivitetar som knyter utdanning tettare opp mot arbeidslivet gjennom til dømes praksismobilitet. Nord-Amerika-programmet oppfordrar til å knyta utdanning og arbeidsliv tettare saman i det internasjonale samarbeidet, og ønskjer at minst halvparten av prosjekta har ein partner frå offentleg eller privat verksemd

Powered by Labrador CMS