Annonse
(Illustrasjonsfoto: HiB)

Populært å bli barnehagelærar ved Høgskolen i Bergen

Høgskolen i Bergen (HiB) er nøgd med søkartala ved studieopptaket i 2016, trass i ein liten nedgang frå i fjor.

– Blant anna er det svært gledeleg at så mange fleire ønsker å ta barnehagelærarutdanning her, seier rektor Ole-Gunnar Søgnen.

– Det lovar godt for rekrutteringa av barnehagelærarar, som det er stor mangel på, seier rektor Søgnen, som elles må innsjå at nokre av ingeniørfaga er mindre attraktive for norsk ungdom for tida.

HiB hadde ein oppgang i søkartal på 10 prosent i fjor. I år går tala 2,5 prosent ned.

Powered by Labrador CMS