Annonse

Skal leie forskingssatsing i Helse Vest

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskolen i Bergen har fått i oppdrag å leie ei ny strategisk forskingssatsing i helsefag i Helse Vest. - Dette er historisk, seier forskingsdirektør Astrid Bårdgard. Aldri før har ein sett ei liknande satsing på helsefaga i regionen.

Satsinga ”Kunnskapsbasert praksis i helsefag i Helse Vest” har som hovudmål å auke forskingskompetansen i helsefaga. Søknaden som er innvilga er på 10 millionar kroner og skal fordelast over 5 år. Til saman 14 forskingsprosjekt ligg inne i søknaden og 9 stipendiatar er så langt med i satsinga. Forskingssatsinga vil hovudsakleg involvere forskarar innan ulike helsefag frå Høgskolen i Bergen, UiB, Helse Bergen, Helse Førde/ Høgskulen Sogn og Fjordane og Helse Stavanger/ UiS. Helse Fonna og Høgskolen Stord/Haugesund vil også vere tilknytt programmet.

Leiar for satsinga er professor Monica W. Nortvedt ved Senter for kunnskapsbasert praksis ved Høgskolen i Bergen. Prosjektet vil vere administrativt forankra i FoU-avdelinga ved Helse Bergen.

Fagområdet kunnskapsbasert praksis er eit forholdsvis nytt fagfelt i helsefaga, men stadig fleire helseføretak etterspør denne kunnskapen, skriv Høgskolen i Bergen. Målet er at helsepersonell gjennom å kombinere forskningsbasert kunnskap, erfaringsbasert kunnskap og kunnskap frå pasienten skal komme fram til kva som gir den beste behandlinga for pasienten. Høgskolen i Bergen har i dag i oppdrag å kurse heile Radiumhospitalet i fagfeltet kunnskapsbasert praksis. Gjennom den nye innvilga søknaden i Helse Vest er oppdraget no utvida til også å gjelde implementering av kunnskapsbasert praksis i alle helseføretak i Helse Vest.

Les meir hos Høgskolen i Bergen

Powered by Labrador CMS