Annonse

Skal gi råd om flytting av vikingskipa

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det er viktig å få ei vurdering av risiko frå ei internasjonal og uavhengig ekspertgruppe før regjeringa avgjer ei mogleg flytting av vikingskipa. Med desse orda presenterte forskingsminister Tora Aasland den internasjonale arbeidsgruppa før den skulle ha sitt første møte på onsdag, melder Uniforum.

Målet er at den internasjonale arbeidsgruppa skal ha si vurdering av risikoen ved flytting av vikingskipa frå Vikingskipshuset på Bygdøy til Bjørvika klar i løpet av 2011. Utvalsmedlem May Cassar, frå University College London, kunne ikkje lova at dei ville klara å få det til så raskt.

May Cassar hadde sjølv besøkt Vikingskipshuset for mellom ti og tolv år sidan. – For meg blir det spennande å sjå kva tilstand vikingskipa er i no, sa ho. Utvalsleiar Jesper Stub Johnsen hadde besøkt Vikingskipshuset som spelar i fotballturneringa Norway Cup for svært mange år sidan. For dei to andre, Ronald Bockius, frå Museum für Antike Schiffahrt, Mainz, i Tyskland og David Saunders frå The British Museum, London, ville dagens besøk på Vikingskipshuset vera det aller første.

 

Powered by Labrador CMS