Annonse

Seterkart på nett

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Seterdrift er eit av Landbruks- og matdepartementet sine satsingsområde i kulturminneåret. Skog og landskap har lansert eit nettbasert kart over kvar i landet mjølkeproduksjon på setra blir drive.

Kartet viser alle setrer som får tilskot gjennom Regionalt miljøprogram (RMP) for mjølkeproduksjon på setra. I tillegg til informasjon om kvar setrene ligg, er det her seternamn, om det er enkelt- eller fellesdrift mellom fleire gardar, og kva dyreslag som er på setra.

Nokre fylke som Finnmark, Nordland, Rogaland, Agderfylka, Akershus, Østfold og Vestfold har ikkje særskilte tilskot for mjølkeproduksjon på seter. Her kan det difor vera setrer i drift som ikkje kjem med på kartet.

Sjå kartet her.
 

Powered by Labrador CMS