Annonse

Senter for konkurransepolitikk opna

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forventningane til det nyopna Bergen senter for konkurransepolitikk er høge. – God faglegheit er basisen for eit godt konkurransetilsyn, seier konkurransedirektør Christine Meyer.

Fredag opna Bergen senter for konkurransepolitikk (BECCLE). Senteret samlar økonomisk og juridisk fagkompetanse under same tak og har vorte til gjennom eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NHH og Konkurransetilsynet. Her skal økonomar og juristar forske på konkurransepolitikk. Senteret blir dermed også ein viktig kunnskapsbase for Konkurransetilsynet.

Powered by Labrador CMS