Annonse

Mistenkjeleg brud

Norske kvinner som giftar seg med yngre, utanlandske menn vert i større grad mistenkjeleggjort enn norske menn som giftar seg med unge, utanlandske kvinner.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Enkelte par opplever å bli møtte med mistanke om proformaekteskap. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Ekteskapsinnvandring

I 2009 mottok UDI (Utlendingsdirektoratet) 21 000 søknader om familiegjenforeining. Med i dette talet er både første- og andregangssøknader om gjenforeining. 200 av desse søknadene vart avslått på grunnlag av pro formaekteskap.

I mange tilfelle vert søkjaren og ektefellen intervjua av anten politi eller ambassadetilsette før søknaden vert handsama av UDI. UDI vurderer fleire sider ved søknaden, mellom anna om ekteskapet er formelt gyldig eller om det er tilhøve som kan tyde på tvangsekteskap.

Regelverket i samband med ekteskapsinnvandring stiller enkelte absolutte krav. For å få innvilga søknaden må mellom anna søkjaren i Noreg ha tent minimum 217 000 kroner året før. Søkjaren kan heller ikkje ha motteke sosialhjelp. Det vert også stilt som krav at ektefellene må bu i lag.

UDI opererer med ei liste på ti kriterier som skal hjelpe sakshandsamarane å vurdere om eit ekteskap er reelt eller proforma:
 

– Kontakt mellom partane – til dømes kor lenge dei har kjent kvarandre og omfang av kontakten. Kunnskapane dei har om kvarandre.

– Samsvarande opplysningar frå partane – til dømes om korleis dei møttes, gifta seg og kontakt mellom dei.

– Om ektefellane kan kommunisere på eit felles språk.

– Aldersskilnad mellom partane.

– Om det er betalt for giftarmålet utan at dette kan forklarast med grunnlag i medgiftstradisjonar.

– Om ekteskapet er klart atypisk i forhold til ekteskapstradisjonar i heimlandet til utlendingane.

– Om det føreligg omstende som talar for at ekteskapet er inngått ved bruk av tvang eller utnytting, eksempelvis at partane er klart ujamne i mental utvikling.

– Om referansepersonen eller nære familiemedlemmer av søkjaren har ei ekteskapeleg historie eller liknande som gjev grunnlag for mistanker om proforma.

– Om den som søkjer opphaldsløyve på grunnlag av ekteskapet før har prøvd å få opphald på anna grunnlag, til dømes på grunnlag av søknad om asyl, og om ekteskapet er inngått i nær tilknyting til eit avslag på anna søknad.

– Om partane har tidlegare ektefelle/sambuar/partnar som skal bu i lag med paret.

Åtte av ti søknader om opphaldsløyve på grunnlag av ekteskap vart innvilga i 2009.

Kjelde: UDI, Helga Eggebø

Når du eller ektefellen din søkjer om opphaldsløyve på grunnlag av ekteskap må du rekne med å svare på spørsmål om kor mykje gifteringen kosta, kor mange teskeier sukker partnaren din plar ha i teen eller kva onklane hans eller hennar jobbar med.

Du blir òg oppfordra til å ta med filmsnuttar og fotografi frå bryllaupet å legge ved søknaden. Tydelege svar frå samstemte partnerar vert tolka som eit prov på at ekteskapet er reelt og ikkje proforma.

Men somme vert sett på som meir usannsynlege par enn andre.

Usannsynlege par?

Helga Eggebø, stipendiat ved Sosiologisk institutt, har gått gjennom saksdokument frå Utlendingsdirektoratet (UDI) og gjort ei rekke intervju både med tilsette ved UDI og personar som har søkt om opphaldsløyve på bakgrunn av ekteskap.

Og ifølge Eggebø kan sosioøkonomisk bakgrunn vere utslagsgjevande for svaret på søknaden. Mellom anna er det fleire døme på at kvinner med høg utdanning og gode jobbar i større grad vert sett som å inngå reelle ekteskap enn kvinner som er uføretrygda og/eller har låg utdanning.

Kombinasjonen av nasjonalitet og alder spelar også ei rolle, for enkelte meir enn for andre. Etter at UDI i 2008 avslørte fleire proformaekteskap mellom norske kvinner og tyrkiske menn, har liknande saker ein tendens til å bli sett som mistenkjelege.

Dette gjeld særleg dersom norske kvinner giftar seg tyrkiske menn som er yngre enn dei sjølve.

– Særskilt dersom mannen er frå eit ruralt og religiøst område vert dette sett som ein usannsynleg kombinasjon og UDI vil ha større tilbøyelegheit til å vurdere det som eit proforma ekteskap, seier Eggebø.

For femti år sidan var ekteskap med store alderskilnader mellom ektefellene mindre vanlege enn i dag. Og dei transnasjonale ekteskapa er overrepresenterte.

Ifølge Eggebø ser det ut til at aldersskilnad vert tolka svært ulikt ut i frå om det er kvinna eller mannen som er eldst.

– Norske kvinner som giftar seg med yngre, utanlandske menn ser ut til å bli mistenkjeleggjorte i større grad enn norske menn som giftar seg med yngre, utanlandske kvinner. Skilnaden er påfallande, seier ho.

Ekteskap på vent

Helga Eggebø er stipendiat ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Nordmenn flest har høg tillit til staten, men i møtet med UDI vert den sett på prøve for mange. Møtet med byråkratiet vert av somme opplevd som tungt og påtrengande.

– Mange av søkjarane opplever det som invaderande at myndigheitene trer inn i privatsfæren på denne måten. Dei kjenner seg mistenkeliggjorde og tykkjer at det er ein ubehageleg prosess, seier Eggebø.

Redsla for å ikkje kunne svare nøyaktig på spørsmåla var noko som opptok mange i møtet med UDI. Dei gav uttrykk for at relasjonar handlar om noko heilt anna enn å pugge detaljar.

– Blant dei eg har snakka med er det ein tendens til at særleg etnisk norske personar med høg utdanning og ein trygg sosial posisjon vert spesielt provoserte over søknadsprosessen.

– Dette kan sjåast i samanheng med at dei gjerne ikkje har opplevd problem i møtet med staten tidlegare. Her vert tilliten dei har til staten sett på prøve, seier ho.

Hennar erfaring er at ektefeller med flyktningebakgrunn reagerer annleis, med resignasjon oftare enn sinne. Sams for begge partar var kjensla av at prosessen drog ut i tid.

Somme av dei hadde venta i eit år frå dei gifta seg til dei fekk endeleg svar og kunne ta fatt på livet sitt i lag i Noreg.

– Deira ekteskapelege liv vart sett på vent, seier Eggebø.

Mange av søkjarane delte i utgangspunktet byråkratiet si oppfatning om at ein bør ha kjent kvarandre ein periode før ein giftar seg. Fleire av dei gav likevel uttrykk for at dei hadde gifta seg tidlegare enn dei ville på grunn av dei krava lovverket stiller.

Samstundes understrekar Eggebø at somme opplevde intervjua og vurderingsprosessen som uproblematisk. Kravet om å kunne dokumentere ekteskapet vart møtt med med forståing.

Og dei fleste søkjarane får innvilga opphaldsløyve. Av dei 21 000 søknadene om gjenforeining UDI mottok i løpet av fjoråret, enda få saker med avslag.

Powered by Labrador CMS