Annonse

Kronikk: Kampen om kompetansen i bygdene

Kampen om dei kloke hovuda vil truleg berre bli skjerpa i framtida, skriv Geirmund Dvergsdal i denne kronikken.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fleire og fleire tar høgare utdanning, og dei kunnskapsintensive funksjonane samlar seg i aukande grad i byane. Utfordringa for bygdene blir difor å bygge lokal identitet blant dei unge, framstå som eit godt vertskap og bli meir bevist på eigne vegne på dei kvalitetane ein faktisk har.

Samstundes må ein innsjå avgrensingane, blant anna når det gjeld «urbane kvalitetar» og heller vere meir beviste på å legge til rette slik at ein både kan få ein smak av det urbane livet og dra fordelar av rurale kvalitetar som trygge og oversiktlege oppvekstvilkår, låge bukostnadar med meir.

Den urbane tøtsjen

Mange har fått ein smak av det urbane gjennom studiar og arbeidsopphald i større byar og tettstadar. Sjølv om mange søkjer område med rurale kvalitetar som god tilgang til natur og friluftsliv, vil dei samstundes ha behov for å nyte det urbane livet.

Dei urbane miljøa, «by-kvalitetane» er det ikkje alle regionar som har. Difor er gode kommunikasjonar som gjer det mogleg og oppsøkje slike kvalitetar viktig for attraktiviteten.

Men det er likevel viktig å ha fokus på tettstadsutvikling, å skape meir estetiske og funksjonelle sentrum. Det kan vere å legge meir vekt på «mjuke» verdiar, etablere møteplassar og legge til rette for aktive sentrum også utan om arbeidstid.

Rekruttering av arbeidskraft

Eigenrekruttering av arbeidskraft er ofte ikkje nok. Dei fleste regionar i distrikts-Norge er avhengige av tilflyttarar for å erstatte dei som flyttar ut og etablerar seg andre stadar.

Dei lokale ungdomskulla som i dag er på veg ut i arbeidsmarknaden er relativt små. Difor er det ekstra viktig å finne ut kva som gjer ein region, ein kommune eller eit lokalsamfunn attraktivt, og kva som må til for at både dei med lokal tilhøyring og dei som har valt å kome til regionen og kommunen, blir verande.

Regionar må bli betre til å tenkje regionalt

Det må også bli viktigare at ting skjer i regionen enn i den enkelte kommune. Ein må vere rause på vegne av regionen og dyrke dei regionale suksesshistoriene for å bygge eit positivt image som verkar tiltrekkjande og ikkje avskrekkande for dei som ynskjer å etablere seg.

Regional utvikling handlar mellom anna om å utvikle arbeidsplassar, og då helst kunnskapsintensive arbeidsplassar. Kampen om arbeidskrafta er stor, difor er det ikkje nok å berre tilby arbeidsplassar.

Identitet og tilhøyring

Attraktivitet er også nært kopla til identitet. Identitet er naturleg å tenkje i høve til kva følelsesmessig tilhøyring ein har, eller får, til eit område. Ein må få folk til å føle at dei høyrer til. Viss ein føler at ein høyrer til - så trivast ein. Så enkelt er det.» (Innflyttar til Sunnmøre).

Ja, så enkelt er det, men i praksis viser det seg at det ikkje alltid er like enkelt. Følelsesmessig tilhøyring er noko som blir skapt over tid med bakgrunn i det som skjer, eller det ein gjer, ikkje det ein seier skjer eller skal skje.

Når kommunar og regionar kjempar om å gjere seg tiltrekkjande for dei med lokale røter etter at dei har flytta ut, er det viktig, men den vitigaste jobben må gjerast før dei flyttar ut.

Kommunen som vertskap

Vertskapsrolla til kommunen og regionen blir kanskje ikkje teke alvorleg nok. Særleg gjeldar dette i regionar med stor innvandring frå inn- og utland der ein meir eller mindre kontinuerleg jaktar etter den rette kompetansen. Her bør ein bli meir bevisst på å ta i mot dei nye innbyggarane på ein måte som gjer at dei føler seg verdsette, og at dei føler at dei betyr ein forskjell.

Ofte handlar det om enkle tiltak utan særlege økonomiske konsekvensar, det kan vere multikulturelle møteplassar, «velkomstpakkar», betre koordinert informasjon og liknande.

Til sjuande og sist handlar det om å ta utgangspunkt i dei spesifikke kvalitetane ein har å tilby i større grad enn å kopiere tilrettelegging på meir «urbane» premissar. Dei som ynskjer å flytte til eit område har gjerne preferansar som «styrer» deira val. Betre kunnskap om kva dette er vil også gje ei meir målretta tilrettelegging.

Powered by Labrador CMS