Annonse

Så lett starta dei eit nytt tidsskrift

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ideen fekk dei i ein kaffipause. Berre eit halvt år seinare var dei på nett med eit nytt, ope tidsskrift om nordisk strafferett. Det skriv På Høyden.

Takka vere god hjelp og ein allereie eksisterande infrastruktur for vitskaplege tidsskrift tok det ikkje lang tid frå Annika Suominen og Jørn Jacobsen fekk ideen til Bergen Journal of Criminal Law and Criminal Justice (BJCLCJ) til det første nummeret var klart. Å lage det som eit ope, nettbasert tidsskrift var det naturlege valet.

– Vi meiner prinsipielt at forsking bør vere allment tilgjengeleg. Reint strategisk tek det òg tid å etablere eit tidsskrift som folk er villige til å kjøpe inn. Men med denne løysinga har vi fått ei god spreiing langt ut i verda. Vi kan sjå kor mange gonger artiklane er blitt lasta ned, og vi er veldig nøgde med tala så langt. Trykte tidsskrift er òg veldig kostnadskrevjande, seier Jørn Jacobsen.

Powered by Labrador CMS