Annonse

- Røyking gir korkje angst eller depresjon

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarar har lenge sett at pasientar med mentale problem, som til dømes angst eller depresjon, har vesentlig større sannsyn for å vere røykarar.

Men ein har ikkje visst om det er røykarar som lettare får slike plager, eller om folk med angst og depresjon lettare byrjar å røyke.

No har forskarar ved Institutt for samfunnsmedisin ved NTNU sett på tal frå Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT). 

Dei har ikkje funne bevis for at korkje angst eller depresjon oppstår som resultat av røyking. (NTNU)

 

Powered by Labrador CMS