Annonse

Rekordrask doktor lovprisar Kvalitetsreforma

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Åtte år tar det å bli doktor etter innføringa av Kvalitetsreforma i 2003. Det klarte 27-åringen Karoline Kjesrud med glans då ho disputerte 8. april, melder Uniforum.

– Kvalitetsreforma har gjort at eg har fått eit fint studieløp. Eg begynte på ex.phil. og ex.fak. etter gammal ordning, men då det blei oppretta eit program som heitte Vest-europeisk mellomalderstudium for bachelorstudentar, melde eg meg på det, og blei dermed ein av dei første studentane som fylgde Kvalitetsreforma, fortel Karoline Kjesrud til Uniforum. Seinare tok ho master i Viking- og mellomalderkultur.

– Heile studieløpet mitt har vore tverrfagleg. Difor har innføringa av Kvalitetsreforma gjort det mogleg for meg å ta emne i både litteratur, kunsthistorie, historie og norrønt språk. Det har vore ein svær kunnskapsbrønn å ausa av, synest ho. No er Karoline Kjesrud ein av dei første Kvalitetsstudentane som også kan titulera seg doktor.

Rett før påske disputerte ho for ph.d.-graden med ei avhandling om islandske riddarsagaer. Den ber tittelen ”Lærdom og fornøyelse. Sagaer om helter på eventyr – et speilbilde av ideer og forestillinger fra senmiddelalderen på Island” og er gjort ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

 

Powered by Labrador CMS