Annonse

Rekordhøg deltaking på Fagleg-pedagogisk dag

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Over 1700 lærarar frå heile Austlandet deltok på Fagleg-pedagogisk dag på Universitetet i Oslo i dag. – Det er ny rekord i høve til dei siste åra, så det er me kjempenøgde med, seier koordinator Anders Lundell i Studieavdelinga ved UiO.

I 25 år har Universitetet i Oslo arrangert Fagleg-pedagogisk dag. Det er sjeldan at så mange som 1700 lærarar finn vegen til Blindern. Det er første gong arrangementet er om hausten, og det er første gong det blir på same dag som Operasjon Dagsverk. Dermed har skuleelevane fri, og lærarane er frie til å dra på Fagleg-pedagogisk dag.

Powered by Labrador CMS