Annonse

Regjeringa ønskjer norsk deltaking i Erasmus+

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kongen i statsråd har vedteke å leggje fram ein proposisjon til Stortinget om å innlemme Erasmus+ i EØS-avtalen, skriv Kunnskapsdepartementet.

Erasmus+ er EU sitt nye program for utdanning, ungdom og idrett.

Det er venta at Stortinget behandlar saka i løpet av dei neste månadene. I så fall kan norske aktørar delta fullt ut i programmet, frå og med dei første utlysingane som kjem til våren.

– Erasmus+ gir moglegheit til både utveksling og samarbeid. Internasjonalt samarbeid om utdanning og opplæring er viktig for ytterlegare å styrke kvaliteten, relevansen og attraktiviteten til det norske utdanningssystemet,  seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Powered by Labrador CMS