Annonse

Rambo blir universitetsfag

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tilhøvet mellom aust og vest er på nytt vorte svært aktuelt, skriv UiT Norges arktiske universitet.

Til hausten kan du utvide kunnskapen din om temaet ved å studere korleis aust/vest-relasjonar er vorte framstilte på film. Til dømes gjennom Sylverster Stallones Rambo.

Universitetet følgjer såleis opp dei dagsaktuelle utfordringane med noko av det me kan best: Bidra med djupare kunnskap om eit emne gjennom forskingsbasert undervisning. HSL-fakultetet tilbyr frå hausten av masteremnet HIF-3107 East/West On Film.

– Forholdet mellom aust og vest er svært interessant - og har vore det lenge, seier emneansvarleg og professor i russisk litteratur, Andrei Rogatchevski.

- Men kva nytt kan me tileigne oss frå tidlegare lærdom? Kan me analysere fortida med ein ny synsvinkel?

I tillegg til aust/vest-tematikken er det nye emnet også eit svar på den stadig aukande interessa for visuell kultur, seier Rogatchevski.

– Mange type filmar med stor publikumsappell er tradisjonelt vorte sett på som ideologiske verktøy i meir og mindre uttalte former for propaganda. Men me treng også å utvikle vidare kunnskapen vår om korleis visuell kultur er uttrykk for og blir påverka av samfunnet elles.

Emnet består kort fortalt av filmar og litteratur om filmar som tematiserer og representerer aust og vest, hovudsakleg frå perioden 1960 og fram til Sovjetunionens fall.

- Me kan snakke om ulike geopolitiske område i verda, og filmane me skal sjå reflekterer difor både austlege og vestlege syn. Dei austlege er såleis ikkje berre frå Russland og Sovjetunionen, men også frå Cuba og Stillehavet.

– Det blir både kjente og mindre kjente filmar. Og det blir både James Bond og Rambo – og deira sovjetiske motsvar, som færre har sett, men som er like interessante, seier Rogatchevski.

Powered by Labrador CMS