Annonse

Protesterer mot at UiO kan trekkja seg ut av Caen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det vil vera til stor skade for samarbeidet mellom Noreg og Frankrike om UiO trekkjer seg ut av Studiesenteret i Caen, slik eit utval nedsett av universitetsleiinga går inn for. Det meiner eit nesten samla fagmiljø i fransk, som vil hindra at UiO bryt ut av universitetssamarbeidet, ifølge Uniforum.

I dag, fredag, skal fakultetsstyret på Det humanistiske fakultetet avgjera  UiO si vidare tilknyting til Fransk-norsk senter for utveksling og samarbeid  i Caen (OFNEC). Då kjem forslaget om at UiO bør trekkja seg ut opp som ei orienteringssak. Om fakultetsstyret ikkje går imot tilrådinga, vil UiO gi melding om at det trekkjer seg ut på det nasjonale fakultetsmøtet 4. og 5. mai, går det fram av sakspapira. Då kan UiO vera heilt ute av samarbeidet innan 31. desember 2016.

Det høyrer med til historia at UiO og universiteta i Agder, Bergen, Tromsø og NTNU i Trondheim fornya samarbeidsavtalen i desember i fjor. Då var allereie rapporten som konkluderte med at UiO burde trekkja seg ut klar, men ikkje offentleggjort. Rapporten er laga av eit utval som blei sett ned av universitetsleiinga for å gå gjennom alle utanlandssentra UiO deltar i.

Powered by Labrador CMS