Annonse

Professorane vert eldre

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Gjennomsnittsalderen for professorar ved norske universitet og høgskular har stige med to år, viser ein ny studie, meldar På Høyden. Eldst er medisinarane.

– Mens gjennomsnittsalderen for professorane var 54,8 år i 2001, hadde den auka til 56,6 år i 2011, sier seniorforskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU), Hebe Gunnes.

Talet på professorar som er over 65 år har auka kraftig i tida mellom 2001 og 2011. I 2001 var ti prosent av professorane over 65 år. I 2011 var dette talet auka til tjue prosent, viser studien som NIFU har gjort på oppdrag frå Forskarforbundet.

Powered by Labrador CMS