Annonse

Pris for likestilte vikingkvinner

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Vikinggraver på Kaupang og Oseberghaugen i Vestfold kan gi ei ny tolking av kjønnsrollene i vikingtida. Det konkluderer arkeologistudent Marianne Moen med i masteroppgåva si. Før helga blei ho tildelt Senter for tverrfagleg kjønnsforskings pris for å ha gitt det mest framifrå bidraget til kjønnsforsking i 2010, melder Uniforum.

Det finst ingen generelle skilnader mellom kvinne- og mannsgraver frå vikingtida når det gjeld plassering, utvending form, innhald og rikdom. Materialet viser at me difor bør vurdera å gi plass til tolkingar som skildrar kjønnsideala til vikingane som meir flytande.

Oslo-studenten Marianne Moen har funne dette ut gjennom å studera gravfelta i Kaupang og Oseberghaugen i Vestfold. Gjennom dette arbeidet har ho oppdaga at det er mogleg å stilla spørsmål om kor total den sosiale delinga mellom kjønna var i vikingtida.

Powered by Labrador CMS