Annonse

Prioriterer dei unge

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Når Forskingsrådet lyser ut frie prosjektmidlar i vår, vil dei unge talenta få ein eigen kategori, skriv På Høyden.

– Me ønskjer å treffa unge forskarar, som anten er i slutten av ein postdok-periode eller mellom postdok og fast stilling.

Det seier Anders Hanneborg, divisjonsdirektør i Forskingsrådet.

Forskingsrådet skriv på sine nettsider at når Fri prosjektstøtte (Fripro) vert lyst ut til våren, kjem det til å verta nokre endringar: Ein vil leggja vekt på djervskap og fornying – det kan gi prosjekt med større potensiale for nyvinningar. I tillegg vil ein altså prioritera dei unge

Powered by Labrador CMS