Annonse

Per Fugelli får Fritt Ords pris

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Per Fugelli er tildelt Fritt Ords pris for 2013 for å ha gitt ei stemme til kreftsjuke og dei som står ansikt til ansikt med døden. Per Fugelli er professor i sosialmedisin ved UiO, skriver Uniforum.

Prisen er på 400 000 kroner og blir delt ut i Den norske Opera & Ballet tysdag 14. mai kl. 19.00.

I grunngjevinga for tildelinga står det at Per Fugelli med bakgrunn i eigne røynsler og sin eigen kreftdiagnose frå 2009, har vore med på å opna opp diskusjonen om kva det vil seia å vera alvorleg sjuk. « «Med klokskap og raushet har han rettet oppmerksomheten mot vår frykt for å snakke om døden og fortrengningen av den» Det blir spesielt vist til boka han har skrive om temaet «Døden, skal vi danse? (2010), som prisjuryen meiner er eit svært viktig bidrag til å vera endå meir opne om døden i livet, går det fram av ei pressemelding frå Fritt Ord.

Per Fugelli var professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen før han kom til Universitetet i Oslo i 1992 og blei professor i sosialmedisin.

Powered by Labrador CMS