Annonse

Pensjonistane ved UiB kan få kontor i fem år

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kontorplass i totalt fem år mot at ein forskar òg deltek på instituttet sine akitivitetar. Det er forslaget til nye retningslinjer for emeritipolitikken ved Det humanistiske fakultetet. No er retningslinjene sendt på høyring, meldar På Høyden.

I dag sit forskarar som har gått av med pensjon ved Det humanistiske fakultetet i Joachim Frieles gate. No skal emeritiplassane flyttast til Villaveien, og samstundes ønskjer fakultetsleiinga å sjå på om tildelinga av plassar og bruken av desse har fungert optimalt. I fakultetsstyremøtet førre veke vart difor ei sak om emeritipolitikken drøfta.

I dag har fakultetet 34 emeritiarbeidsplassar i eit felles lokale, og av dei er 21 i bruk. I tillegg har nokre emeriti arbeidsplass på eigne institutt. Dei neste åra er det fleire forskarar som går av med pensjon. Tilsette i totalt 26,6 stillingar vil gå over til å verta pensjonistar dei neste fire åra. I Villaveien er det sett av fem kontor på totalt 74 kvadratmeter til arbeidsplassar for pensjonistane.

Powered by Labrador CMS