Annonse
Instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen, prosjektleiar Åse Wetås i Norsk Ordbok 201, seksjonssjef Daniel Ims frå Språkrådet og Venstre-leiar Trine Skei Grande. (Foto: Martin Toft/Uniforum/UiO)

– Språksamlingane treng ein spesialsydd finansieringsmodell

Det meiner Venstre-leiar Trine Skei Grande er blitt endå klarare etter at språksamlingane er i ferd med å bli skvisa ut av Universitetet i Oslo.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det var i ein debatt på Litteraturhuset om lagnaden til språksamlingane til Universitetet i Oslo, Venstre-leiaren kom med sitt forslag til løysing, skriv Uniforum

I dag er opptil 50 prosent av budsjettet til Institutt for lingvistiske og nordiske studium knytt til pengar dei får på grunnlag av kor stor gjennomstrøyming dei har av studentar. Ein annan del av finansieringa er pengar instituttet får på grunnlag av publiseringspoeng, det såkalla teljekantsystemet.

Trine Skei Grande tykte den rette løysinga vil vera å innføra eit eige finansieringssystem for språksamlingane og musea, som ikkje er avhengige av overføringar på grunnlag av kor stor gjennomstrøyming det er av studentar.  

– Det lovar eg å ta opp i ein munnleg spørjetime med kulturminister Thorhild Widvey i oktober, sa ho.

Les heile saka på Uniforum

Powered by Labrador CMS