Annonse
Professor Nina Goga. (Foto: Lisbeth A. Heilund)

Nina Goga får FoU-prisen ved Høgskolen i Bergen

Professor Nina Goga er tildelt FoU-prisen ved Høgskolen i Bergen. Ho får prisen for forskinga si på barnebøkar.

Prisvinnaren har ei fleirfagleg orientering mot forskingsfeltet og er særleg oppteken av feltets berøringspunkt mellom allmenn litteraturvitskap, danningsteori og kunstfagdidaktiske problemstillingar.

Goga si forsking er nært knytt til undervisnings- og utdanningsoppåver ved høgskulen og juryen anerkjenner henne for hennar forskingsbaserte undervisningsmåte.

Juryen grunngjev tildelinga med at Goga har betydeleg erfaring som forskingsleiar og med utvikling av større forskingsprosjekt. Ho har eit breitt fagleg nettverk, både nasjonalt og internasjonalt, og prisvinnaren blir trekt fram som ein person med ei inkluderande og delande haldning, som også kjem ferske forskarar og nytilsette ved høgskulen til gode.

Juryen legg også vekt på at professoren sitt forskingsarbeid bidreg tydeleg i bygginga av kvalitativ forsking ved Høgskolen i Bergen. 

FoU-prisen ved Høgskolen i Bergen tildeles personar som har utført forsking, utviklingsarbeid, nyskaping eller kunstnarisk utviklingsarbeid som held høg kvalitet i nasjonal og internasjonal samanheng.

Powered by Labrador CMS