Annonse
Lex Nederbragt ved Institutt for Biovitskap meiner at deling av forsking bør gå fortare og at skattebetalarane bør få gratis tilgang til forskingsresultata. (Foto: Åsmund H. Eikenes / UiO)

Deler resultata sine så fort som råd

– Eg merkar ein aukande grad av entusiasme for preprint, seier forskar om å gjere funna sine tilgjengeleg for alle før dei er vitskapeleg «godkjende». Fysikarane har gjort det lenge. – Skilnaden er nesten berre design, seier ein av dei. Finst det ikkje ulemper?

– Vi har eit ansvar som forskarar for å dele kunnskapen om verda, og skattebetalarane skal også ha tilgang til resultata, seier senioringeniør Lex Nederbragt ved Institutt for biovitskap.

Han er ein av stadig fleire forskarar som kjempar for at forskingsresultat skal vere opne for alle og at det skal skje så raskt som mogleg. I tillegg til å publisere i open access-tidsskrift, finst det også andre initiativ. Det vert stadig meir populært å legge ut forskingsresultata som ein såkalla preprint.

– Ein preprint er ein versjon av ein forskingsartikkel som ikkje er blitt fagfellevurdert endå, forklarar Nederbragt, som sjølv har nytta databasen bioRxiv for fleire av forskingsresultata sine.

Powered by Labrador CMS