Annonse

Økonomisk hestekur for britiske universitet

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

 Britiske universitet vil få 40 prosent mindre til undervisning i 2014 enn i dag. Før helga gav den britiske regjeringa dei klar beskjed om at overføringane til undervisning skal ned frå 71 milliardar til 42 milliardar kroner i løpet av fire år, melder Uniforum.

Finansminister George Osborne varslar dei britiske universiteta om at det blir kraftige nedskjeringar i overføringane til undervisning dei komande fire åra. Han lovpriste samtidig universiteta for å vera ”juvelar i den økonomiske krona”, melder avisa The Guardian.

Likevel må dei spara inn 40 prosent på undervisningsbudsjetta sine, som ein del av innsparingstiltaka den britiske regjeringa no vil setja i gang for å kvitta seg med det store budsjettunderskotet i løpet av fire år.

Les mer på uniforum.uio.no

Powered by Labrador CMS