Annonse

Nytt studium i berekraftig energi

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Til hausten startar Universitetet i Stavanger eit masterprogram i berekraftig energi. Studentane som får plass på det nye studiet, vil mellom anna få tilgang til unike testfasilitetar.

– Dette er en brei master, som vil omhandle både biogass, vind, vann, sol og biobrensel. Samtidig skal studiet dreie seg om korleis ein kan kombinere fornybare og ikkje-fornybare energikjelder. Dei som tek denne masteren vil kunne jobbe både i petroleumsindustrien, energiselskap eller offentlege etatar, seier professor Mohsen Assadi. Han er ein av forelesarane på det nye studieprogrammet.

Dei som skal studere berekraftig energi i Stavanger vil kunne nytte testsenteret Risavika Gas Centre, som får naturgass direkte inn frå Nordsjøen. Det inneber ei mengd og eit høgtrykk som ikkje finst nokon annan stad. Dette vil vere nyttig for fleire studentar enn dei som vel å spesialisere seg på gass. Turbinteknologi kan koplast til mange energikjelder og utprøving av ulike teknologiar og metodar. Varmeutnytting, brenselsceller og blanding av natur- og biogass er nokre døme.

– Her ligg det til rette for mange spennande masteroppgåver, seier Ole Andreas Songe-Møller. Han er leiar på Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi, som står bak nysatsinga.

Masterprogrammet er ope for studentar med ulik bakgrunn. Alle som har tatt bachelor i petroleum, maskin, prosessteknologi, energi, VVS eller liknande, kan søkje om plass.

Bildet: Professor Mohsen Assadi og instituttleiar Ole Andreas Songe-Møller (Foto: Leiv G. Lie, UiS)

Powered by Labrador CMS