Annonse

Nytt senter kan redde barn

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Vi vil ha fleire barn som overlever, og som lever vidare med god helse, seier Halvor Sommerfelt, til På Høyden. Tysdag opna senteret som skal drive framifrå forsking på mødre- og barnehelse.

Centre for Intervention Science in Maternal and Child Health (CISMAC) er det tredje av sentra for framifrå forsking (SFF) UiB fekk ved denne tildelinga, og senteret opna tysdag.

– Vår visjon er å vere eit verdsleiande forskingsmiljø innan intervensjonsstudier om mødre-, nyfødd og barnehelse i land med låge og middels låge inntekter, seier Sommerfelt (biletet).

Intervensjonsstudier freister å måle verknaden av ulike helsetiltak, for å komme fram til dei mest effektive. I studiane får ofte ei gruppe av pasientar placebo, mens andre får medikamentet ein ønskjer å teste ut. Ofte er det og eit poeng å teste det ut ulike stader i verda for å måle effekten.

Powered by Labrador CMS