Annonse

Nytt forskingssenter på trappene

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Edvard Grieg og vestnorsk musikk kan få eit eige forskingssenter. Griegforskinga er inne i ein avgjerande fase, ifølge instituttleiar Frode Thorsen, melder På Høyden.

Bergen Offentlige Bibliotek sit på uvurderlege skattar. Biblioteket har originalt materiale både frå Edvard Grieg, Harald Sæverud og andre vestnorske komponistar. Dersom eit eige forskingssenter no blir stabla på beina, kan dette materialet bli brukt på nye måtar. I morgon drøftar universitetsstyret om eit slikt forskingssenter skal opprettast.

– Griegforskinga er inne i ein avgjerande fase. No har vi høvet til eit generasjonsskifte i forskinga, seier Frode Thorsen, instituttleiar ved Griegakademiet.

Powered by Labrador CMS