Annonse

Ny tankesmie for landskapsutvikling startar på Jæren

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I landets første tankesmie av sitt slag, Jærsmiå, skal dei ulike interessentane som kjempar om jærlandskapet opp av skyttargravene og inn rundt dialogbordet, skriv Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) i ei pressemelding.

Sentrale personar frå landbruk, forvalting, næringsliv/utbygging, friluftsliv og natur-/kulturvern deltek.

Målsetjinga er å kunna koma med felles, dialogutvikla innspel til framtidsretta og bærekraftige strategiar som tek utgangspunkt i rask befolkningsvekst – og difor behovet for både fleire bustader og gode friluftsareal.

Strategiane skal samtidig vera med og sikra langsiktige rammevilkår for det viktige jærlandbruket og gje rom for vern av sentrale natur- og kulturverdiar for framtidige generasjonar.

Powered by Labrador CMS