Annonse

Ny mooc frå Stavanger

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Stavanger har laga eit kurs i legemiddelrekning som er er ope, gratis og tilgjengeleg for alle, skriv På Høyden.

– Mooc-fenomenet har gått som ein storm på nettet og har blitt svært utbreidd internasjonalt. Dette ønskjer vi å vere ein del av, seier Atle Løkken ved UiS si avdeling for utvikling av digitale læremiddel til UiS.no.

Det nye, opne nettkurset har sjukepleiarstudentar som hovudmålgruppe, men kan følgjast av alle som er interesserte. Kurset byr på videoforelesingar, spel, prøver og oppgåver. I eit eige forum kan deltakarane søke hjelp hos kvarandre og hos forelesar.

Brynjar Foss, førsteamanuensis ved Institutt for helsefag er fagleg ansvarleg for kurset.

Powered by Labrador CMS