Annonse

NTNU er mest synleg på nett i Noreg

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

NTNU i Trondheim er på 136. plass mellom dei universiteta i verda som er mest synlege på nett, skriv Uniforum

UiB fylgjer på 154. plass, medan UiO plasserer seg som nummer 167. Det viser den siste målinga frå Webometrics.

I Norden kjem NTNU på tredjeplass etter Københavns Universitet og Lunds universitet. Trondheimsuniversitetet klatrar opp seks plassar på verdsstatistikken samanlikna med den førre målinga frå det spanske rankingbyrået Webometrics. 

UiO ramlar ned 64 plassar samanlikna med målinga til Webometrics frå juli i fjor. Det er interessant å merka seg at Karolinska Institutet i Sverige får ei dårlegare plassering enn NTNU, og berre ligg 13 plassar over UiO. Helsingfors universitet som mange gonger har tatt førsteplassen i Norden på denne målinga, må denne gongen ta til takke med å bli nummer 60 i Europa. I Norden kjem universitetet på tiandeplass, rett bak UiO på niandeplass.

Powered by Labrador CMS